🌐 nrk.no
Fleire uskikka studentar på UiS
I fjor dobla Universitetet i Stavanger meldingar om uskikka studentar frå året før, skriv nettstaden Khrono. Til saman 44 studentar ved UiS vart vurderte til å kunne vera ueigna i det yrket dei studerte i fjor. Det er i utdanningar til helsevesenet og yrke som har med barn å gjera, at utdanningsstaden vurderer om studenten er skikka til å jobba der.
↗ https://www.nrk.no/rogaland/fleire-uskikka-studentar-pa-uis-1.16347622