🌐 nrk.no
Mann i klem etter trafikkulukke i Bergen
Politiet har fått melding om ei trafikkulukke på ein sideveg frå Straumeveien på Straume i Bergen. – Ein mann er kome i klem mellom ein bil og ein mur, opplyser operasjonsleiar Jan Børge Misje i Vest politidistrikt. Naudetatane rykker ut. Det var berre ein bil og ein person involvert. Ulukka skal ha skjedd då mannen gjekk ut av bilen for å opne ein port. Bilen har då bevegd på seg, og mannen kom i klem. – Han er oppegåande og medviten, men blir tatt med til legevakt av ambulansen, opplyser Dan E
↗ https://www.nrk.no/vestland/trafikkulukke-pa-straume-1.17864602