🌐 nrk.no
Sikta for valdtekt av barn
Ein mann er i Hordaland tingrett varetektsfengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod. Mannen er sikta for valdtekt av barn under 14 år. Politiet er sparsame med opplysningar, og er etter det NRK har grunn til å tru tidleg i etterforskinga. Dei vil ikkje kommentere bakgrunnen for fengslinga. Fengslingsmøtet laurdag gjekk for lukka dører. – Min klient er førelagt siktinga, og erkjenner straffskuld. Han samarbeider med politiet, seier forsvarar Einar Råen i ein kort kommentar.
↗ https://www.nrk.no/vestland/sikta-for-valdtekt-av-barn-1.15674973