← findnix.eu
🌐 nrk.no

Kvinne døydde etter bybaneulukke

Ei kvinne døydde etter eit samanstøyt med bybanen i Bergen 31. august, opplyser politiet i ei pressemelding. – Politiet etterforskar hendinga. Det er innhenta videoovervaking på den aktuelle bybanen, og det vert undersøkt om det finst video frå nærliggande bybanestopp, skriv politiet mellom anna. Føraren har status som mistenkt, men førebels viser etterforskinga til politiet at han ikkje kan lastast for samanstøyten eller at han hadde nokon reell moglegheit til å forhindra det.

https://www.nrk.no/nyheter/kvinne-doydde-etter-bybaneulukke-1.17027276
nyheter kvinne doydde etter bybaneulukke 17027276 døydde
Indexiert von findnix.eu · Eigene Seite einreichen