🌐 nrk.no
Kvinne sikta for «stalking» i Bergen
Ei kvinne i 30-åra er sikta for alvorleg personforfølging, sokalla «stalking». Kvinna vart pågripen i Bergen tidlegare i dag, men er førebels ikkje avhøyrd. – Ho har over lengre tid sendt fleire hundre henvendelsar til ein person som ikkje ynskte kontakt med henne, får NRK opplyst hos jourhavande politiadvokat. Kvinna skal både ringt, sendt meldingar, epostar og teke kontakt i sosiale medium.
↗ https://www.nrk.no/vestland/kvinne-sikta-for-_stalking_-i-bergen-1.17591122