🌐 nrk.no
Æsj og bæsj i tusen år!
Kva gjorde han her når han skulle på do? Forfedrane våre som var jegarar og jakta på dyr for tusenvis av år sidan hadde det enkelt; dei kunne berre sette seg ned bak eit tre eller ein stein og tørke seg med ein mosedott – eller dei gjekk ut på eit skjær og vart vaska bak av bølgjene etterpå. Men då folk byrja å bu tett saman i bygder og byar vart det litt meir trøbbel å gå på do. Brått var det tiss og bæsj overalt – midt i gata for eksempel.
↗ http://www.nrk.no/kultur/aesj-og-baesj-i-tusen-ar_-1.3134207