🌐 nrk.no
Røyk frå køyretøy i Løvstakktunnelen i Bergen
Politiet har fått melding om røyk frå eit køyretøy i Løvstakktunnelen i retning Fyllingsdalen. Det var berre førar i køyretøyet, og vedkomande framstår som uskadd. Brannvesen og politi har rykt ut til staden. Situasjonen er udramatisk, oppluser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Det har lekt litt olje og det er litt røyk i tunnelen. Klokka 17.08 er tunnelen opna igjen.
↗ https://www.nrk.no/vestland/royk-fra-koyretoy-i-lovstakktunnelen-i-bergen-1.17560413