🌐 nrk.no
Endrar definisjon av fullvaksinert
Storbritannia endrar definisjonen av fullvaksinert og vil frå 4. oktober akseptere kryssvaksinasjon med godkjende vaksinar frå ulike produsentar. Storbritannia har klassifisert Noreg som eit grønt land over lengre tid, utan krav til karantene, uansett vaksinestatus. – Sjølv om vi ikkje er kjent med at norske reisande har fått utfordringar på grunn av kryssvaksinering, håpar vi dette kan føre til at endå fleire vaksinerer seg med dose 2, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding.
↗ https://www.nrk.no/nyheter/endrer-definisjon-av-fullvaksinert-1.15660588