🌐 nrk.no
Mariupol-evakuering skal ha feila igjen
Det andre forsøket på å evakuere innbyggarane i Mariupol ser ut til å vere mislykka. Det har kome meldingar om at våpenkvila, som skulle vare frå 9 til 21 lokal tid, igjen blei broten. Begge partane skuldar på kvarandre for at skytinga held fram, skriv Reuters. Både i går og i dag har innbyggarane fått beskjed om at ein våpenkvile skulle gjere det mogleg å forlate byen. Pro-russiske separatistar seier at rundt 300 personar har klart å evakuere. Ukrainske myndigheiter planla å evakuere 200.000, s
↗ https://www.nrk.no/nyheter/mariupol-evakuering-skal-ha-feila-igjen-1.15881204