🌐 nrk.no
Tre tatt for ruskøyring
Politiet melder om fleire tilfelle av bilkøyring i ruspåverka tilstand natt til laurdag. I Elnesvågen i Hustadvika er to førarar mistenkte for ruskøyring. Det er tatt blodprøve. Også i Kristiansund er ein bilførar mistenkt for føring av personbil i ruspåverka tilstand. I Møre og Romsdal vart meir enn 500 bilførarar melde for ruskøyring i fjor.
↗ https://www.nrk.no/mr/tre-tatt-for-ruskoyring-1.15351932