🌐 nrk.no
Vil etablere konsertområde over Nannestad
Nannestad aktivitetspark blir teke over av lokale aktivitetslag, foreldreutval og frivilligsentral, skriv Romerikes Blad. Dei vil etablere eit aktivitetsområde som fleire kan bruke, og har blant anna planar om å bygge ei utescene med utsikt over Romerike. Med ei slik scene meiner dei frivillige at dei kan etablere konsertar etter inspirasjon frå festivalen «Over Oslo». Det eventuelle konsertområdet vil ligge på Kløvberget ved Hokebylia.
↗ https://www.nrk.no/osloogviken/vil-etablere-konsertomrade-over-nannestad-1.15977697