🌐 nrk.no
Canada nektar Kneecap innreise
Den irske rapgruppa Kneecap er nekta innreise til Canada, melder AFP. Dei skulle halde fire konsertar i landet, men myndigheitene meiner bandet har uttrykt støtte til Hamas og spreidd hatretorikk. Kneecap avviser skuldingane og kallar avgjerda politisk motivert. Også USA og Ungarn har stengt dørene for gruppa etter ein konsert i sommar der ein av vokalistane ropte «Death, death to the IDF» frå scena.
↗ https://www.nrk.no/nyheter/canada-nektar-kneecap-innreise-1.17578348