🌐 nrk.no
Bergensbanen open igjen
Bergensbanen var ein periode søndag stengd på grunn av signalfeil. Det var Bane Nor som melde om feilen i 12.15-tida. Feilen var mellom Hallingskeid og Myrdal, og det var uvisst kor lang tid det ville ta å retta feilen. Klokka 14.10 melder dei at strekninga er opna for trafikk, men at det framleis vil vera forseinkingar. Både toget på veg frå Oslo S til Bergen og lokaltoget frå Bergen på veg til Myrdal er råka.
↗ https://www.nrk.no/vestland/signalfeil-stenger-bergensbanen-1.16451204