🌐 nrk.no
To fulle menn i arresten
To rusa menn hamna i fyllearresten i Tromsø i natt. Personane hadde vore involverte i eit slagsmål i sentrum. Ein av personane vart av politiet nekta å vere i sentrum tidlegare på natta, men tok ikkje til seg beskjeden – og blir derfor meldt for forholdet.
↗ https://www.nrk.no/troms/to-fulle-menn-i-arresten-1.13987379